NSB v/Henning Lirhus og andre aktuelle ansvarlege NSB-leiarar – ope brev!

NSB v/Henning Lirhus og andre aktuelle ansvarlege NSB-leiarar – ope brev!

Innlegg i Hordaland, Voss 06.06.2016 og i Hallingdølen 11.08.2016

Gratulera NSB? Er det grunnar til å gratulera NSB med framsynte og kreative leiarar? Leiarar som no har vedteke at jernbanestasjonane på turist- og knutepunktstaden Voss, på tur-/turist- og høgfjellsstaden Finse og den populære turiststaden Geilo skal verta ubemanna (avfolka) stasjonar? Vil eit slikt opplegget medføra eit vesentleg betre økonomisk resultat, som NSB aldri før har sett? Trur NSB at ubemanna stasjonar er kunde- og servicevennlege, yter tilfredsstillande hjelp og støtte til NSB sine kundar? Seniorsaken, og mange ”godt vaksne” trur ikkje det. Opplegget vil nok, særleg gå ut over ei NSB-kundegruppe – pensjonistar! Mange i denne gruppa reiser ofte for å vitja born, barneborn, familie og vener, eller berre ”reiser på tur med toget”. Så langt har det vore hyggeleg og ryddig å reisa med NSB. Pensjonistar – eldre har, difor, inga forståing for NSB si planlagde ”kundevennlegheit” med ubemanna sentrale, viktige jernbanestasjonar.

Billettautomat. Eldre, som, truleg aldri før har sett ein billettautomat, må, i tilfelle, prøva å finna ut kva knappar dei skal trykkja på, på det tekniske monstret, som dei er tvinga til å kommunisera med. For ikkje å snakka om eldre reisande som kanskje ikkje lenger er i ”god form”, men, som kanskje har nedsett både syn og høyrsel og har andre helsevanskar. For denne gruppa må ubemanna jernbanestasjonar vera ”fantastisk positivt” – eller kva trur NSB? Og mens eldre prøver å finna ut av ”automatuhyret”, ventar andre, utålmodig og tydeleg, meir og meir, irriterte, på at ”gamlingane” skal bli ferdige – triveleg! Og kjem du på toget utan gyldig billett kostar det, iflg. info, kr 40 ekstra!

Utruleg er det at ingen av NSB sine tidlegare leiarar har tenkt på ubemanna stasjonar før, det statlege jernbanesystemet har, faktisk, eksistert sidan 1883! NSB kunne ha avfolka kvar einaste jernbanestasjon i landet for lenge sidan, og spart store summar. Kunne ei slik avfolking ha opparbeidd ei kundevenlegheit, servicegrad og popularitet som NSB ikkje har i dag? Eller hadde jernbanen mista mange av sine kundar? Eller var tidlegare NSB-leiarar klar over at jernbanen er eit statseigd transportkonsern, som bør ha eit vist samfunnsansvar? Og staten er ”alle – vi”! Bør ikkje då eit enkelt skinegåande transportsystem som jernbanen då også enkelt kunna brukast av alle? Eller skal NSB, utan vidare, kunna endra systemet slik at det blir vanskeleg å bruka/lite brukarvenleg for brukargrupper i samfunnet? Harmonerar ubemanna sentrale og viktige stasjonar (for eldre – lite brukarvenlege) med planane om ”mest muleg transport på skiner”?

Lite kundevennleg. Seniorsaken, og mange med den, ser at for mange reisande, særleg eldre, kan det medføra vanskar med å reisa med tog frå ubemanna stasjonar. Men så langt ser det, diverre, ikkje ut til at NSB sine kreative og serviceinnstilte leiarar tenkjer (ref. media). Eller kan NSB-kundar håpa at ansvarlege leiarar i NSB endrar syn i denne saka – eller at ansvarlege politikarar grip inn? Kanskje saka, for NSB sin del er blitt ei ufråvikeleg prinsippsak? (Prinsippsaker er ganske avslørande og seier mykje – – !)

Alternativ. Det finst, heldigvis, eit visst reisealternativ til NSB. Eit stadig betre utbygd, kundevenleg og serviceinnstilt bussystem, dekkjer store deler av landet, men omfattar, diverre, av praktiske grunner ikkje Finse. Busselskap som køyrer langruter er, truleg, dei som vil tena på NSB sine lite kundevenlege ubemanna sentrale jernbanestasjonar.

Inga skam. Det er inga skam å snu. Og for NSB, i dette tilfelle, er det slett inga skam å snu. Ein snuoperasjon når det gjeld dei sentrale og viktige stasjonane Voss, Finse og Geilo, vil visa at NSB har marknads- og kundeorienterte, og serviceinnstilte, leiarar. Leiarar som tek klare signal frå marknaden – dvs. frå kundar og inntektskjelder! Det burde være sjølvsagt at sentrale og viktige jernbanestasjonar skal være bemanna! I tillegg til service og kundestøtte, er det ikkje vanskeleg å sjå at bemanna sentrale stasjonar er viktig dersom det skulle skje noko unormalt – ei uønska hending – ei ulukke – dvs. reine tryggleiksgrunnar!

Seniorsaken ber NSB, og jernbanen sine ansvarlege leiarar, om å revurdera ubemanna sentrale og viktige jernbanestasjonar – med eit naturleg, tilhøyrande samfunnsansvar!

Helsing
for mange ”godt vaksne” – Seniorsaken Hordaland
Odd Himle
(leiar)